Fitjar er den kommunen i Sunnhordland som har lågast arbeidsløyse.

Arbeidsløysa er elles på nedadgåande for alle yrkesgrupper i Hordaland.

– Dei store utbyggingane som er, og skal i gang i fylket, gjer at det vil være ei utfordring å skaffe nok arbeidskraft innan bygg og anlegg også i framtida, seier marknadsdirektør Kenneth Stien i NAV Hordaland til kvinnheringen.no

3942 Hordalendingar var registrert som heilt arbeidsledige i august. Dette utgjer 1,6 prosent av arbeidsstyrken, ein nedgong på 15 prosent samanlikna med august i fjor. Det vart registrert over 3000 ledige stillingar i august i år i Hordaland.

I Sunnhordland er det altså Fitjar som har lågast arbeidsløyse, med 11 arbeidsledige.