Klasse 5A ved Rimbareid skule fekk i dag prøve seg på korleis det var å leve på ein gard i gamle dagar. Sunnhordland Museum stod for opplegget.

– Undervisningsopplegget fortel om livet på garden som gjekk frå fjord til fjell. Det starta med at gardstausa (alias museumspedagog Mette Iren Solheimdal) fortalde om korleis det var å jobba med dei to kjekke gutane Lars og Olai, og elevane vart tekne rett inn i situasjonar på garden for mange tiår sidan.

Ho viser fram barnetøy og klede frå vaksenverda. At ho har eit godt auge til Olaien skjuler ho godt. Alle visste at mor deira ikkje ville godta kven som helst som svigerdotter…. og 5.- klassingane sit som fjetra og høyrer på. 

Etterpå var det stasjonsundervisning der elevane fekk prøva seg på skogsarbeid (saging), fiske (greiing av garn), spa potetåker og lage sodd.

– Tusen gonger betre enn å vere på skulen, seier ein av gutane, før han tek seg litt inn att, og pustar litt på, der han står og spar i potetåkeren: – Men nesten like tungt som matte!

Jamt over let alle elevane vel over det dei fekk vere med på, og me såg ikkje anna enn at dei verkeleg tok arbeidsoppgåvene på alvor.

– Dette skal bli fast tradisjon for 5.-klassingane, og til jul skal alle dei andre barneskulelevane få kome på besøk, seier museumspedagog Astrid Elin Lønning til slutt.