Gruppa frå Karmøy Vikingklubb var nøgd med oppslutninga, sjølv om dei rydda leiren tidlegare enn tenkt, laurdag.

-Det var bra med folk på føremiddagen, men når det nærma seg tida for Håkonarspelet, blei det ikkje mykje folk igjen hos oss, fekk me som forklaring på at Vikingleiren nedanfor banken pakka samam ein time tidlegare enn planlagt. -Men me er nøgde med både oppslutninga og interessa, la dei til.

Dei som besøkte leiren fekk lære mangt og mykje om korleis folk tedde seg i kvardagslivet i vikingtida, og nokre fekk seg òg ein tur i den spennande, flytande farkosten dei hadde med seg.

muscle builder steroids