6. klasse ved Rimbareid skule hadde ein kjekk og lærerik sykkeldag i Synningo på fredag.

6a og 6b ved Rimbareid skule har ein fast utedag i månaden saman med lærarane sine Gunn Evy N. Haaland, Svanhild Kloster og Reidun Dyrøy. Etter at alle i klassen har blitt 10 år har dei på desse dagane sykla til Synningo der dei har hatt uteundervising, leikt i skogen og i marka og grilla føremiddagsmat på bål. Denne månaden handla mest heile utedagen om sykkel. Etter å ha sykla i lang, lang rekke i nokre kilometer for å koma  til Gunn Evy sitt småbruk ved Storavatnet trente dei på ei sykkelløypa som lærarane hadde laga til der.  Fedrene Hans Engel Ivarsøy og Vidar Larsen kom på besøk og lærde elevane litt om stell, vedlikehald og enkel reperasjon av syklar, slik som f. esk. lapping av dekk som har punktert.

Dei fleste kan nok ha nytte av å øva endå meir på sykkelkontroll, og litt seinare skal desse to klassane ta Trygg trafikk sin Sykkelprøve.  Denne prøven består av både ein praktisk og ein teoretisk prøve, og ein håpar at elevane etter dette har god kunnskap om sykkel og trafikk og god kontroll når dei er ute og syklar.  

Gunn Evy N. Haaland er svært nøgd med elevane sine og seier at syklinga på utedagane går kjempefint.