Nyleg fekk Fitjar sin første ladestasjon. No er nummer 2 ogso komen på plass!

– Fortum ladestasjon er testa og i drift i Fitjar sentrum framfor rådhuset i samband med miljøgata, skriv Fitjar kommune på sine nettsider.

Kommunen fekk 200.000 kr i Enova-støtte til hurtigladeprosjektet.

– Totalt kan 5 biler lada samtidig, dersom effekten på Hyperchargeren vert dela på to bilar.

Kommunen rår at ein les nøye gjennom instruksjonane før ein skal lada for første gong, og tilrår å lasta ned app’en for å gjera betalingsjobben enklare.

Les ogso: Eg har ønskja meg ladestasjon i over 7 år

- Annonse -