"Kva du har der?" Foto: Ingrid Hovstad

Det er berre kome inn to søknadar til stillinga som landbruks- og miljøsjef i Stord og Ftjar.

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor har lyst ut stillinga som leiar for kontoret, då noverande leiar Geir Røssland skal gi seg.

Det er Fitjar kommune som gjennomfører tilsettingsprosessen. Då søknadsfristen gjekk ut i førre veke var det berre kome inn to søknadar til jobben.

Den eine søkjaren er Jorunn Kårvatn (47) frå Os. Ho jobbar i dag som rådgjevar for landbruk på landbrukskontoret på Fitjar.

Den andre søkjaren til stillinga har fått namnet sitt unnateke offentleg innsyn.