A-laget til Fitjar opna grasbanen torsdag kveld med å tapa 1-4 for Halsnøy.

Det beste som kan seiast om grasbaneopninga i går, er at banen heldt mål. Med fjorårets bedrøvelege grasmatte i friskt minne var det ei lette å sjå banen i så god stand i mars månad. Grasmatta var like fin som då Åge Hareide og Ole Gunnar Solskjær gjesta Fitjar, midt i mars 1995.

Men spelet til Fitjar var ikkje eigna til å kalla fram minnet om Møre og Romsdal sine største søner. Halsnøy burde vera overkomeleg motstand, for eit Fitjar-lag med blikket festa mot øvre halvdel av 5.-divisjonstabellen. Og det var Fitjar som hadde dei største sjansane i byrjinga av kampen. Etter rundt eit kvarters spel gjekk ballen i Halsnøy-stolpen, etter ei mislukka klarering frå keeper Mads Ekeland. Og nokre minutt seinare sette Geir Steffen Tranøy ballen i mål, etter eit flott raid og ditto innlegg av Mats Brakedal. Men målet blei korrekt annullert for offside. 

Utover i første omgang kom gjestene frå Halsnøy til fleire sjansar, og det var ikkje direkte uventa då dei gjekk opp til 1-0 nokre minutt før pause. Og andre omgang blei ikkje noka stor oppvising frå Fitar si side. – Ein grusom kamp, konkluderer Fitjar-trenar Kjell Træet etter at laget hans hadde tapt 1-4 mot Halsnøy. Trøystemålet til Fitjar kom ved Jan Åge Tislevoll på stillinga 0-2.

No konsentrerer Fitjar-trenaren seg om å leggja Halsnøy-kampen bak seg. Han rettar blikket nord over fjorden mot Austevoll, og treningskamp mot AIK. I morgon, laurdag, kl. 15.15 skal Fitjar møta Austevoll Idrettsklubb, eit lag som rykte ned frå 2. divisjon i fjor. På sitt beste kan AIK mønstra mange svært gode spelarar, så her får nok A-laget til Fitjar kjørt seg.

Fitjar stilte med dette laget i gasbaneopnina:
Oddgeir Træet, Torbjørn Korsvik, Martin Vestbøstad, Nils Ingard Tislevoll, Bernt-Ove Maraas, Kjell André Thorland, Øyvind Fykse Lie, Mats Brakedal, Jan Åge Tislevoll, Geir Steffen Tranøy og Thomas V. Waage. Innbytarar: Kåre Skram, Leif André Tangen, Sondre Fykse Lie, Lars Fitjar Waage, Emil Fitjar.