Her frå utdanningsmessa på Fitjar tidlegare i år. Foto: Ingrid Hovstad

Lesarbrev: Om ti år vil vi mangle 90.000 fagarbeidarar. Det er derfor svært urovekkande at undersøkingar syner at foreldre, rådgjevarar og andre rundt ungdommane har dårlege haldningar til yrkesfag og ikkje anbefaler dei unge å velje dette.

Av: stortingsrepresentant for Høgre, Turid Kristensen, medlem i utdannings- og forskingskomiteen

Foto CecilieVJensen

Fristen for å søke vidaregåande skule går snart ut, og eg har éin viktig bøn til foreldre, lærarar og rådgjevarar i skulen: Hjelp ungdommane til å finne ut kva for valmoglegheiter dei har, og endå viktigare – støtt ungdommane i deira val!

I desse dagar skal tusenvis av ungdommar bestemme seg for kva dei vil gjere dei neste åra. Det er forståeleg nok eit vanskeleg val for mange. Det er ikkje så lett å vite kva ein vil bli når ein er 16 år og valmoglegheitene er så mange.

Noreg treng fleire fagarbeidarar

Mange unge har allereie forstått kva for fantastiske moglegheiter som ligg i å velje yrkesfag. I 2019 var det fleire som søkte seg til yrkesfag enn til studiespesialiserande. Likevel treng vi at endå fleire gjer det. Noreg treng god tilgang på dyktige fagfolk i åra framover. Om ti år vil vi mangle 90.000 fagarbeidarar. Det er derfor svært urovekkande at undersøkingar syner at foreldre, rådgjevarar og andre rundt ungdommane har dårlege haldningar til yrkesfag og ikkje anbefaler dei unge å velje dette. Eg kan ikkje forstå anna enn at det må vere mangel på kunnskap om moglegheitene som er årsaka.


Gode grunnar for å velje yrkesfag

Derfor vil eg gje deg fem gode grunnar til kvifor ungdommane bør velje yrkesfag. For det første, er det veldig gode moglegheiter for jobb. Ifølgje NAV, vil yrkesfag vere ein av dei sikraste vegane til jobb i framtida, og i mange yrker er dei unge nærast garantert jobb etter ferdig yrkesfagleg utdanning. For det andre, er det store valmoglegheiter viss ein går yrkesfagleg retning. Det er faktisk over 180 yrker å velje mellom. For det tredje, får ein løn i læretida. For det fjerde, så er det ingen dører som blir lukka ved å velje yrkesfag, faktisk tvert imot: Det er mange moglegheiter etter oppnådd fagbrev, faktisk fleire enn viss ein vel studiespesialiserande. Til dømes kan ein gå vidare på høgare yrkesfagleg utdanning ved fagskulane, og viss ein tar påbygg som gjev studiekompetanse, eller vel studium som er spesielt tilrettelagt for yrkesfagleg utdanning, kan ein også studere vidare ved universitet og høgskular. Eit femte og siste argument er at dersom ein har lyst å starte eiga bedrift, gjev eit meisterbrev ein god leiar- og etablererutdanning

Bli med å heie på yrkesfag

1. mars går fristen for å søke vidaregåande utdanning ut. La oss vaksne gje ungdommane anledning til å ta gode val og få respekt for vala sine. Vær så snill, la ungdommane få følgje draumane sine og bli med å heie på yrkesfag, no og i framtida.

Les ogso: Kjekt på utdanningsmessa på Fitjar