Håkon Øien Kloster prøver seg i orienteringsløypa på Midtfjelletdagen. Arkivoto: Ingrid Hovstad

Sola skin, og Sunnhordland strålar i den. Dette bør nytast, for regnveret er meldt frå søndag av. Kva med litt stolpejakt, lett orientering eller ein topptur?

Stord og Fitjar kryr nemleg av gode stiar, og dei flotte turmåla ligg tett i tett. Likevel treng nokre av oss litt ekstra motivasjon for å koma oss opp av stolen og ut i naturen. Heldigvis finst det fleire måtar å gjera turen om til ein leik på.

Pokémon Go er fortsatt populært blant dei minste.

Pokémon GO var på alle sine tunger for nokre år sidan, men fortsatt er appen svært populær, særleg blant dei yngste. Nesten uansett kvar du går kan du finna og fanga dei fargerike vesena. Klarar du alle fanga alle?

På Fitjar kan ein bli med på Stolpejakt. Kvar stolpe du besøkjer tel som eit lodd i trekninga av fine premiar. I år har orienteringsgruppa utvida det populære tilbodet og har sett ut stolpar i sentrum, Midtfjellet og i Selevik. Bruk den enkle appen, eller hent deg ein kart-brosjyre hos turistinformasjonen på Fitjar.

Stolpejakt er blitt svært populært.

Stord/ Fitjar Turlag inviterer deg til å bli med i konkurransen deira på på appen Trimpoeng.Her samlar ein poeng gjennom å vitja turmål. Du vel sjølv vanskegrada, og turlaget byr på fine premiar. Ein kan melda seg på aleine, med vener eller som familielag.

Nokre av turmåla i Trimpoeng er ogso med i Telltur, so her er det mogleg å slå to fluger i ein smekk. Grunna korona-situasjonen må ein i år nytta appen Noregskart friluftsliv til å registrera turane sine.

Turorientering er for deg som likar deg i terrenget. O-gruppa på Stord har sett ut 90 postar av ulik vanskegrad. Start med Litla-traven (lett vanskegrad) og gå over til Stora-traven når du har blitt hekta. Kart kan ein kjøpa på nett, Intersport Heiane, Sport 1 på Heiane eller på Deli de Luca i Sæ.

Om du vil prøva deg på orienteringsløp finn ein fleire løyper på øya gjennom appen UsynligO. Det ligg ikkje postar ute, men du får ein fanfare på mobilen når du er på rett plass. Kva med å invitera ein ven til å slå tida di?