Lesarbrev frå Trine Overå Hansen, 1. kandidat og Margit Liljan Apelthun, fylkesleiar Dei Kristne Hordaland.

«La kystkulturen leva

Det på tide å ta opp kampen for vår tusenårige kystkultur. Vi har ei strandsonelov som er lite funksjonell. Den hindrar ei naturleg vidareføring av det tradisjonsrike og pulserande livet langs sjøen.

Båt- og naustmiljø er ein viktig kulturfaktor for kystfolket. Vi er mange som ser verdien av levande kystbygder. Ein rigid strandsoneregel som stoppar naturleg tilvekst og utbygging langs vår langstrakte kyst, er molbu-politikk. Vi kan ikkje ha statleg forbod mot å byggje opp att til dømes eit fleire generasjonar gamalt naust som har blese ned. Eller at ein må søkje dispensasjon til staten dersom ein vil byggje eit naust på eigen eigedom fordi det ligg innanfor hundremetersona.

Då båten var «vegen» og fiske var næringa var det i strandsona kystbygdene vaks fram. Og dersom ein ikkje skal kunne leggje til rette med organisk tilvekst i dei gamle bygdene, så vil dei døy ut. Dette er ei oppskrift på å plassere kystkulturen på museum.

Grøn maske
Det føregår ei gigantisk kulturell nedbygging i landet vårt. Bak ei grøn maske har regjeringa lagt opp til ei knallraud sentralisering. Det er blitt lagt strenge restriksjonar på den naturlege veksten i kystbygdene. Lokalsamfunnet vert tvinga til ei sentralisering inn mot statleg godkjende «by-sentra». Regjeringas politikk, effektuert gjennom fylkesmannen, styrer det då slik at små utbyggjarar i distrikta får nei, medan store utbyggjarar får godkjenning. Det grøne argumentet om å ta vare på strandlinja så den ikkje vert nedbygd, held korkje ferskvatn eller sjøvatn.

Kystlinja vår er lang nok til at kvar nordmann kan ha rikeleg med kyst for seg sjølv. Storparten av den norske kysten ligg aude og ubrukt. Den er så ugjestmild at utan tilrettelegging med veg, kai eller bryggje, så er største delen av kystlinja ikkje tilgjengeleg korkje for folk eller dyr. At eit fortettings- og miljøproblem i indre Oslofjorden skal sette standard for heile vår langstrakte kyst, er mildt sagt uvettig.

Nærleiksprinsippet
Dei Kristne vil styrkje eigedomsretten og gå inn for ei forvaltning der saker vert løyste på lågast mogleg nivå, og så nær den det gjeld som mogleg. Vi vil gje lokaldemokratiet større råderett over arealforvaltninga, – også forvaltninga av strandsona i kommunen.

Kystfolk, – stå opp for den lokale sjølvråderetten! Lat det store kystopprøret starta! Stem Dei Kristne!

Trine Overå Hansen, 1. kandidat og Margit Liljan Apelthun, fylkesleiar Dei Kristne Hordaland.