Førre veke vart skipet OV Ryvingen overlevert frå Fitjar Mekaniske Verksted.

– Me er stolte av vårt splitter nye spesialfartøy OV Ryvingen, skriv Kystverket.

Skipet er særs godt eigna til både oljevernaksjonar og det daglege vedlikehaldet av dei meir enn 20 000 sjømerka langs kysten.

Ikkje minst er det eit miljøfyrtårn av eit skip, som no er ferdig levert av Fitjar Mekaniske Verksted. Skipet kan segle på rein batterikraft, på drivstoff eller ein kombinasjon av desse.

– Båten er eit hybridfartøy med så mange innovative løysingar at det allereie har fått ein miljøpris, skriv Kystverket.

Her er eit videoklipp frå skipet:

KYSTVERKETS NYE MILJØFLAGGSKIP

KYSTVERKETS NYE MILJØFLAGGSKIPVi er stolte av vårt splitter nye spesialfartøy OV Ryvingen! 🤩Det er eit hybridfartøy med så mange innovative løysingar at det allereie har fått ein miljøpris. 💚🏆Skipet er særs godt eigna til både oljevernaksjonar og det daglege vedlikehaldet av dei meir enn 20 000 sjømerka langs kysten.Les meir om miljøflaggskipet her: https://bit.ly/2Erzigt

Posted by Kystverket – Norwegian Coastal Administration on Thursday, 13 December 2018

- Annonse -