Frå tidlegare utdeling. Arkivfoto: Kjetil Rydland

Siste helga i september inviterer Fitjar kyrkjelyd alle 4-åringar til kyrkja.

– Laurdag er det kyrkjevandring. Då vil barna få ei spennande omvisning i kyrkja, der me blir betre kjent både inne og ute. Dei får være med på ein mini-søndagsskule og tilslutt er det boller og saft, fortel sokneprest Roald Drønen og kyrkjelydspedagog Randi L Matre.

Søndag er det familiegudsteneste med utdeling av 4-årsbok. Etter gudstenesta er det kyrkjekaffi med pizza.

Samlinga er for alle dei som vert 4 år i år i følgje med ein føresett!

– Me gler oss, og håpar å få møte mange fireåringar i kyrkja, avsluttar Drønen og Matre, som ynskjer hjarteleg velkommen til hendinga.