Samstundes med val til kommunestyre og fylkesting måndag 9. september blir det val til nytt sokneråd i Fitjar.

Det er kyrkjeverje Harald Rydland som ynskjer å minna publikum på dette. Han fortel at kyrkjevalet har blitt lagt til same dagen som kommunevalet for å auka interessa, då kyrkjevalet har hatt svært låg deltaking.

Tidlegare blei kyrkjevalet halde rett etter ei gudsteneste, og deltakinga var gjerne nede i 5 %. Nyordninga kom etter kyrkjeforliket på Stortinget, og for fire år sidan var valdeltakinga i Fitjar 25 %, og på landsbasis 16 %.

Valet til nytt sokneråd og bispedømmeråd blir avvikla i Fitjar kultur- og idrettsbygg for alle veljarane i soknet, og opningstida er kl. 09.00–21.00. Det er høve til førehandsrøysting på Fitjar kyrkjekontor kl. 10.00–15.00 på onsdagar og fredagar i tida 10. august – 6. september. Utanom desse tidene kan det gjerast avtale med kyrkjeverje Harald Rydland på telefon 913 47 802.

Røysterett ved kyrkjevalet har medlemmer av Den norske kyrkja som fyller 15 år innan utgangen av 2019, og som er folkeregisterførte i soknet per 30. juni. Dei som var registrerte som medlemmer i Fitjar sokn den 30. juni, skal ha fått valkort tilsendt i posten. Dersom du ikkje har fått valkort, kan du kontakta kyrkjekontoret for å sjekka om du står i manntalet, fortel Harald Rydland. Av personmessige omsyn kan ikkje kyrkjemnntalet leggjast ut, men du kan òg sjekka om du er medlem ved å logge inn via www.kyrkja.no.

Til soknerådsvalet i Fitjar føreligg det berre ei liste, den frå nominasjonskomiteen. Du kan finna den via denne linken til Den norske kirke. Her står det berre tolv namn, då dei ikkje greidde å få tak i fleire. Soknerådet vårt skal ha åtte medlemer og fem varamedlemmer.

Dei åtte som får flest røyster ved valet, blir medlemmer i soknerådet, medan dei fire siste blir varamedlemmer. Kyrkjeverje Rydland minner om at me kan gi ei ekstra røyst til dei av kandidatane me vil sikra ein fast plass i soknerådet, men det er ikkje lov å stryka.

– Etter som lista berre har tolv namn, har veljarane sjansen til å få inn ein varamedlem som ikkje står på lista, seier Harald Rydland og smiler, så dersom du kjenner ein god kandidat, kan du få fleire til å samla seg om denne kandidaten på valdagen!

Han legg til at i praksis er det nok berre den siste varamannsplassen som er oppnåeleg. I 2011 kom den no avdøde valforskaren og professoren Frank Aarebrot inn i Årstad menighetsråd i Bergen på denne måten, med berre ei slengarrøyst.

I større kommunar er det gjerne fleire lister å velja mellom ved soknerådsvalet, fortel Harald Rydland. Og til bispedømmerådsvalet i Bjørgvin bispedømme føreligg det tre lister, Bønnelista, Nominasjonskomiteens liste og Open folkekyrkje.

Det er eitt kyrkjeleg fellesråd i kvar kommune, samansett av representantar for sokneråda i kommunen, ein representant for kommunestyret og ein prost eller ein annan prest oppnmend av biskopen. Fellesrådet tar seg av økonomiske og administrative oppgåver, medan soknerådet behandlar åndelege saker.

I Fitjar har me berre eitt sokn, og soknerådet ivaretar oppgåvene til det kyrkjelege fellesrådet.

Meir praktisk info om kyrkjevalet finn du på denne linken til Den norske kyrkja.

Du kan ta kontakt med Harald Rydland på kyrkjekontoret om du vil førehandsrøysta. Arkivfoto: Kjetil Rydland.