I eit samarbeid med Fitjar vgs serverte Fitjar sokneråd middag til 65 personar på Fitjar bedehus i ettermiddag.

Opplegget har vore annonsert i kyrkja og folk har så meldt seg på. 

– Me fekk høyre at dette var gjort andre plassar og syntest dette var ein god idé,  fortel Anne Marie Røed i Fitjar sokneråd til FItjarposten, som svar på kvifor dei dreg i gang dette opplegget.

– Tanken er at dette skal vere ein kvardagsmiddag til «ein rimeleg penge» – og at folk kan møtast til felles middag der det òg vert tid for drøs over ein kopp kaffi, fortel ho. Og kva fekk me servert? – Jo, deilig skinkegrateng!

Linn Borgny Vevle Tufte frå  2. kl kokk og servitør på Fitjar vidaregåande skule var òg til stades og syntest det er kjempekjekt å få slike oppdrag. Dei jobbar no med å få etablert elevbedrifta si. Truleg vil ho få namnet: «Smør på!».

Neste kyrkjemiddag vert 30. oktober.

 

Ingressbilete: Frå kyrkjemiddagen på Fitjar bedehus i dag. Mobilfoto: Håkon C. Hartvedt