Den nytilsette kyrkjelydspedagogen, Silje Helen F. Fyllingen, held på å finna seg godt til rettes på Fitjar etter å ha vore i arbeid her nokre veker, og gler seg no til å møta mange 4-åringar førstkomande helg.

Silje, som er busett i Sagvåg saman med mann og tre ungar, har vore i arbeid som kyrkjelydspedagog på Fitjar i ein knapp månad. Stillinga er ei nyoppretta 50 %-stilling, og kyrkjelydspedagogen deler kontor med kulturskulerektor Anne Lene Ø. Jordåen.

Då eg banka på døra til Silje i føremiddag heldt ho på med å setta seg inn retningslinene for utvikling av lokal trusopplæringsplan. Som kyrkjelydspedagog har Silje hovudansvar for trusopplæringa på Fitjar. Etter at kristendomsfaget forsvann ut av skulen skal no kyrkjelydane laga, og gjennomføra, lokale planar for trusopplæring. Planen skal vera ferdig om nokre år, og skal då omfatta 315 timar undervising for dei døypte frå dei er 0 til 18 år. Dette inneber babysongkurs, tårnagenthelg, bibelutdeling til 5.-klassingane, konfirmantundervising og mykje meir. Silje er glad i, og vant med, å jobba med barn og unge og gler seg til jobba med dette på Fitjar.

Det som opptek tankane til Silje mest for tida er kyrkjevandringa for 4-åringane, som skal vera førstkomande laurdag. Dette er ein del av trusopplæringa, og er allereie eit godt innarbeida, og populært, tiltak. Under kyrkjevandringa skal 4-åringane få oppleva ulike stadar i kyrkja og møta ulike personar som jobbar der. Dei skal få sjå på kyrkjegarden, tårnet, orgelet, koret, preikestolen og loftet. Dei skal få oppleva minisøndagsskule, kanskje spela på orgelet, kjenna på dåpsvatnet, høyra klokkene kima, syngja og meir til. Og ikkje minst skal alle få bollar, det er viktig, seier Silje med eit stort smil.

Søndag føremiddag vert det familiegudsteneste i kyrkja, med utdeling av kyrkjebok til alle 4- åringane. I år får dei ei heilt ny bok, kan Silje fortelja, og plukkar fram ei flott bok med eit stort 4-tal på utsida som ho gler seg til å dela ut.

Alle 4-åringane (dei som er fødd i 2007) skal ha fått invitasjon frå Silje i posten, men om nokon manglar eit slik brev er dei likevel hjarteleg velkomne i kyrkja laurdag 1. oktober kl. 11.00-12.30, saman med ein føresett, seier ho som har sendt breva. Har dei ikkje høve til å koma på kyrkjevandringa er dei uansett velkomne i kyrkja om søndagen, forklarer Silje vidare. Det høyres ut som ho gler seg veldig til heile helga, men før den tid skal den blide sunnmøringen ein tur innom Babysong og småbarnstreff for å bli kjend med den delen av kyrkja sitt arbeid.

Ynskjer du kontakt med Silje er ho å finna på kontoret sitt i 2. etasje på rådhuset kvar onsdag, og kan elles nåast på e-post: silje.fyllingen@fitjar.kommune.no eller mobil: 456 11 480.