Inger C. Fitjar og Ingolv Rimmereid kan sjå fram til ein ny kyrkjelydsfest. Foto: FP-arkiv/KR.

Fitjar sokneråd inviterer til kyrkjelyden sin årsfest, i Fitjar bedehus søndag ettermiddag.

Kyrkjeverje Harald Rydland fortel at dei tek opp att tradisjonen med kyrkjelyden sin årsfest, etter eit aldri så lite opphald i fjor.

– Det blei så mykje festing i jubileumsåret 2017 at me trong ein liten pause, seier kyrkjeverja.

Men no vil altså kyrkjelyden ta opp att tradisjonen, og Harald Rydland fortel at soknerådet lovar ein kyrkjelydsfest av gammalt, godt merke.

Søndag kl. 16 kan folk venta seg eit kjent program, med song og musikk, kaffi og kaker, og ikkje minst ein god drøs. I tillegg vil det bli biletkavalkade, og sist, men ikkje minst, tale ved Halvard Wiik.

Som alle veit, har den spreke pensjonisten frå Tveita utmerkt seg som ein stor humorist, med artiklar i «Sunnhordland» og boka «Å, hjelp(e) meg!» på Fitjarposten forlag. Denne gongen skal han tala over temaet aktiv munnbruk, om alt det forskjellige munnen kan brukast til. Kjenner me Halvard rett, har me mykje å gle oss til!

Soknerådet ønskjer vel møtt til ei triveleg ettermiddagsstund.

Halvard Wiik t.v. kan meir enn å røra i grauten. Foto: FP-arkiv/KR.
- Annonse -