-Fitjarbuen har gjeve over ein halv million kroner til kyrkja, kyrkjelydsbladet  og kyrkjelydspreststillinga i fjor. Utruleg bra, seier sokneprest Olav J. Oma til fitjarposten.no

I fjor lagde me ei sak på at fitjarbuen kom svært godt ut på landsbasis med omsyn til gåver per innbyggjarar i prestegjeldet. For 2009 er tala endå betre.

I gjennomsnitt har fitjarbuen gjeve meir enn i fjor, og totalbeløpet er på 544 000 kroner. Delar me det talet på menneske i Fitjar, vert det over 180 kroner i gåver per person, seier ei svært nøgd og takksam sokneprest, til slutt.