Denne søndagen var det tilrettelagt for gudsteneste på Sjøsio bak Larsen.

Sokneprest Olav Oma kunne glede seg over ein stor kyrkjelyd som sessa seg på benkene utanfor festivalteltet, medan klokkar, musikarar, forsongarar og presten sjølv heldt til på scenen. Mange båtar låg framleis ved kaien, og nokon av gjestene vart kanskje vekte av flott musikk og song då alle stemde i Store Gud vi lover deg, priser høyt din makt og ære.

Dagens preik (med tekst frå Markus2, 23 – 38) starta med spørsmålet: Kva handlar det tredje bodet om? Oma gav svaret – Du skal halde kviledagen heilag, og den dagen er til for menneska si skuld. Me treng kvile, avkobling frå mas og stress i kvardagen. Men kviledagen er og til for at menneska skal ha tid til påkobling til Han som er Herre og Frelsar. Oma understreka at Jesus vil ha oss med inn til Livet, Han vil gå med oss i kvardagen og gi kraft og mot.

Silje Rydland og Maria Oma var forsongarar med saxofon, piano, bass og trommer som akkompagnement. Kyrkjelyden deltok i songen som var blanda med røyster frå mindre born til aldrande kvinner og menn. Utan regn og med ein temperatur på minst 16 grader var det fint å ha gudsteneste på Sjøsio. (Mange minnest regnet som strøymde ned på fjorårets gudsteneste på kaien).