Arbeidet med kyrkjegardsmuren har verkeleg skote fart dei siste vekene. Og ikkje berre det: Ein treng ikkje å vera murar for å slå fast at det er framifrå fint arbeid.

Noko av grunnen til framveksten er at entreprenør Geir Strand har fått frivillig hjelp av Karl Sandvik, noko Strand gjev uttrykk for at han er svært glad for.

På spørsmål om kvifor han stiller opp på frivillig vis, svarar Sandvik:

– Eg likar å mura, og dette er berre kjekt.

Murarane fortel elles at dei har fått stein frå Voss, men dei skryt ikkje akkurat over skiferen.

– Det er mest ikkje ein stein me kan bruka som han er. Mest alle må me gjera noko med, let det.

Då er det godt at Geir Strand stiller med skikkeleg steinsag som tilsynelatande skjer stein som ei vanleg motorsag skjer tre. (Utan at me veit noko om kor tungt det er å jobba med ho.)

Kor lang tid det går før muren er ferdig vil ikkje kyrkjegardsmurarane setja nokon dato for. – Men det går snart ein månad til, meiner dei.