Arbeidet med å utvida kyrkjegarden er no i gang. -Den nye gravplassen skal i første rekkje gje plass for 356 nye graver. På lengre sikt rundt 1000. Sist kyrkjegarden vart utvida var i 1997. Det er kyrkjeverje Harald Johan Sandvik som fortel dette til Fitjarposten. Det første byggjetrinnet, som ein no er begynt på, skal planerast, og så såast i, utover våren. Ideelt sett skulle det fått "sett seg" eit års tid før det vart teken i bruk. Men sidan det berre er om lag 20 ledige graver att, reknar ein med å måtte ta det i bruk tidlegare enn det. Det nye området utgjer 4, 7  mål, men ein har i alt fått regulert 14,9 mål av området mellom kyrkja og prestegarden til gravplass. Når det nye området er fullt utbygd vil det romma både urnelund og om lag 1000 graver,  får me vita

- Annonse -