Fitjar kyrkje er i ferd med å tilpassa seg den nye tida som kom 1. oktober, då kyrkja ikkje lenger får melding frå Folkergisteret når medlemmene deira får barn.

I mange år har Den norske kyrkja fått melding frå Folkeregisteret når medlemmene deira får barn. Men ei endring i Folkeregisterlova gjer at kyrkja ikkje lenger har tilgang på desse opplysningane.

Denne endringa tredde i kraft 1. oktober i år, og kyrkja kan ikkje lenger senda dåpsinvitasjon i posten. Fitjar kyrkje ønskjer å halda fram med å døypa barna til medlemmene sine, og er i ferd med å tilpassa seg den nye tida.

– Me er avhengige av at det kjem informasjon frå einkvan stad for at me skal ivareta vårt oppdrag overfor medlemmene våre, seier sokneprest Roald Drønen.

Derfor har Fitjar kyrkje no teke i bruk heimesida si for å informera om den nye ordninga, og korleis folk kan gjera for å melda barna sine til dåp.

På heimesida kan dei gå inn på lista over gudstenester og sjå kor tid det er dåp. Og så kan dei velja den gudstenesta som høver best for familien.

Dei som ønskjer å døypa barnet sitt i Fitjar kyrkje, kan fylla ut skjemaet «Innmelding til dåp». Her kan folk leggja inn nødvendige opplysningar om barnet, foreldra og fadrane. Skjemaet finn du via denne linken til heimesida.

Soknepresten understrekar at dette er ei trygg ordning, som sikrar at kyrkja får dei rette opplysningane. Etter at innmeldingsskjemaet er motteke, vil presten ta kontakt for å bekrefta dato og avtala dåpssamtale.

- Annonse -

– De kan sjølvsagt ringja til kyrkjekontoret, understrekar sokneprest Roald Drønen, som legg til at folk er velkomne til å ta kontakt om det er noko dei lurer på.