I samband med Den norske kyrkje sitt trusopplæringsprogram får Fitjar kyrkje statlege midlar til ei 40 % stilling som kyrkjelydspedagog. Stillinga er allereie utlyst med søknadsfrist 8. april og tilsetjing frå 1. september.

Fitjar kyrkje har òg tidlegare hatt ei slik stilling. Stillinga bar då namnet kateket/undervisningsleiar i kyrkjelyden. Denne vart etter kvart omgjort og utvida til den kyrkjelydsprest-stillinga me har i dag.

I utlysingsteksten til den nye stillinga kan me lese at kyrkjelydspedagogen vil få særskilt ansvar for å vera med på utarbeiding av plan for trusopplæring, administrera, vidare-utvikla og gjennomføra planen for aldersgruppa 0 – 18 år i samarbeid med andre tilsette og frivillige medarbeidarar i kyrkja. Det ligg òg i stillinga at kyrkjelydspedagogen skal rekruttera og følgja opp frivillige medarbeidarar.

Kyrkjeverje Harald Johan Sandvik fortel til fitjarposten.no at Fitjar kyrkjelyd sitt undervisningsutval alt har jobba ein del med plan for trusopplæring i Fitjar. Denne planen skal òg gjelda for aldersgruppa 0 – 18 år, og det vert lagt stor vekt på samarbeid med det eksisterande barne- og ungdomsarbeidet i bygda.