Fitjar kyrkje er open på dagtid i sommar fram til 17. august. Foto: FP-arkiv/KR.

Kyrkjeverje Harald Rydland minner om at Fitjar kyrkje er open på dagtid i heile sommar.

Kyrkjeverja fortel at kyrkja vil vera open på kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00 fram til 17. august. På denne tida vil det vera folk i arbeid på kyrkjegarden, men Harald kan diverre ikkje tilby guiding i kyrkjebygget.

Han vonar likevel at tilreisande og fastbuande vil finna vegen til kyrkja i sommar, for ei stille stund, eller for å sjå den vakre kyrkja frå innsida.

Den vakre altertavla er noko av det fyrste du får sjå når du kjem inn i kyrkjerommet. Du får sjå Jesus på krossen. Harald Rydland minner om at me fekk nytt orgel for to år sidan, og samstundes fekk kyrkja ei ansiktsløfting.

Han vil leggja ut ein protokoll der han vonar besøkande vil skriva seg inn, med dato og namn. Velkommen til Fitjar kyrkje!

Nærmare opplysningar om Fitjar kyrkje og andre norske kyrkjer finn du i kyrkjebyggdatabasen Kirkesøk.

- Annonse -