Fitjargjengen var komne i flyet og var klar for heimreise då det heilt uventa hendte noko som gjorde at dei måtte vente i 10 ekstra timar.

– Det skjedde noko då dei skulle løysa «sluso» på flyet. Då gjekk noko gale, og ein stod att med hòl i flyskroget, opplyser Askel Ytrenes, som saman med kona Gunvor var reiseleiar fo gruppa.

– Dermed måtte me ut av flyet og tilbake i ventehallen på Larnaca Airport i Kypros. Me måtte vente på nytt fly frå København. Klokka var då 11.00 på føremiddagen, og det nye flyet skulle ikkje ta av att før kl. 23.00, så det vart ein del seige timar å vente, fortel han.

Fitjarbuane pluss eit par frå andre plassar i gruppa, tok det likevel sporty. Dei fekk òg matbilett på 15 euro kvar, og fire personar frå reiseselskapet Vital kom på flyplassen for å bistå dei med kommunikasjon og meire til.

Askel sjølv måtte ordne med nye bussavtalar frå Flesland til Fitjar, men det gjekk greitt. Han rosar både Os buss og Stord turbuss. Og heim kom dei seg alle, 10 timar etter skjemaet.

Med seg i bagasjen hadde dei mange gode opplevingar. Utanom ei spennande utflykt til Kyrenia i Sør-Tyrkia, kunne gruppa velje mellom 25 forskjellige aktivitetar, frå trim via boccia til allsong. Ein ruskevêrsdag skipa dei sjølv til pannekaketreff.

-Skremd av det som skjedde er me ikkje, så det vert nok fleire turar, men då i regi av Fitjar Seniorsenter, smiler Askel Ytrenes til slutt.