Me har hatt den kvitaste og finaste jula i manns minne, men også den kaldaste.

Ikkje på 50 år har me hatt så kvit og fin jul som i år, så vidt underteikna kan hugsa. Skiføret er upåklageleg både på bakkane og oppi fjellet. Og me som frykta at det skulle gå førti år til neste gong me skulle få så fint skiføre som me hadde i januar i år…

Men alt har altså si bakside. Skal me ha snø, må me ha kulde. – Det onde med det gode må annammes alle dage, sa dei gamle. Men det kunne no ha vore mon i mindre. I kveld er det styggkaldt i Fitjar. I byrjinga av januar i år blei det målt 24 minusgrader på Helland, og det var ikkje mykje «mildare» i kveld. Forbi Jensabekkjen og bortover myrane mot Rabbakleivo og Støladalen viste termometeret minus 20,0 grader!

Og Helland ser ut til å vera kaldaste plassen i bygda nett no. Eller kanskje nokon har det endå kaldare?