Foto: Tipsar

Politiet i melder at naudetatane er på staden etter ei bilulukke på Fitjarvegen.

Klokka 09:27 onsdag morgon skriv Politiet i Sør-Vest på Twitter at det har vore ei ulukke på Fitjarvegen.

– Det er ein personbil som har køyrd av vegen og som har treft eit tre. Ulukkesstaden er sør for Fitjar, på Tveita, opplysar John Ask, operasjonsleiar ved Sør-Vest politidistrikts operasjonssentral.

Han seier at sjåføren er ei kvinne i 30-åra og at ho var aleine i bilen.

– Bilen er ute av vegbanen. Ingen trafikale problem. Førar av bilen vert ivareteken av helsepersonell, skriv politiet på Twitter klokka 09:37.

Saka vert oppdatert