Like etter klokka 10 tysdag melder Politiet i Sør-Vest at naudetatane har rykka ut til eit trafikkuhell på Fitjarvegen.
– Det er ein bil som er involvert. Bilen har køyrd ut i ein sving. Førar, ein dame i 20-åra, har opplyst at ho er uskadd, skriv politiet på Twitter.
Ifølgje ein oppdatering klokka 10:13 har bilen skadar i fronten og bilberging pågår. Føraren er køyrd til legevakta for sjekk.
Operasjonsleiar Rune Tallaksen opplysar at politiet fekk melding om ulukka like før klokka 10.
– Kva kan du seie om dei trafikale forholda på staden?
– Eg har ikkje fått melding om at det har vore nokre problem. Politiet har akkurat reist frå staden, så eg reknar med at trafikken flyt greitt, seier operasjonsleiaren.
– Kan du seie noko om årsaka til uhellet?
– Det kjenner eg ikkje til. Eg har forstått at det er snø, om det er ein årsak vert rein spekulasjon frå mi side. Ulukka har skjedd i ein sving, så det er nærliggjande å tru at det kanskje har ein årsak. Det skal visst vere veldig glatt på staden.
Politiet opprettar ikkje sak på forholdet.