Ungdomsrådet i Fitjar. Foto: Ingrid Hovstad

Fitjar ungdomsråd ynskjer seg ringestopp til snøggbåten på Fitjar.

Snøggbåten som i dag stoppar både på Leirvik, Rubbestadneset og i Bekkjarvik, burde jo klara og ta turen innom til Fitjar ogso, meiner ungdomsrådet.

Ungdomsrådet har sendt mail til skyss der dei spør om det mogleg med eit ringestopp på Fitjar. Ungdomsrådet meiner eit ringestopp er eit godt alternativ, dei ser ikkje behovet for ein fast stoppestad på Fitjar.

Skal ha det i tankane

Skyss takkar for innspelet frå ungdomsrådet, men skriv at dei diverre ikkje kan endra den noverande rutetabellen for snøggbåten.

Dei vil vurdera om det er mogleg ved neste rutejustering, men lovar ingenting.

– Generelt sett kan vi si at «alt henger sammen med alt» i linjenettet. En endring som er ønsket ett sted kan gi store konsekvenser andre steder. Dette krever at både vår driftsavdeling, busselskapet og rederiet må vurdere nøye opp mot konsekvenser for helheten før noe sånt blir gjort, avsluttar Skyss i mailen til ungdomsrådet.

Gjev ikkje opp

Ungdomsrådet tok opp svaret frå Skyss på førre møte i rådet. Dei vil jobba vidare med saka, og inviter skyss til eit møte.

- Annonse -