I dag kan du lese om prosjektet i Breiavikjo ved Storavatnet.

Fitjarposten sin utsende trefte ein hyggeleg arbeidskar på badeplassen fredag ettermiddag. Kristian Isdal har jobba her saman med Jan Magne Helgaland i januar. Begge to arbeider med traktor og gravemaskin, og gjer elles alt anna arbeid på området.

Arbeidet femner om opparbeiding av baderampe, pir og sandvolleyball-bane. Piren er murt opp av gråstein frå Kråko. Det skal straks støypast dekke og innmed land lagar dei rampe for rullestolbrukarar. Ytterst på piren skal det vera ein fast grill. Sandvollyballbanen er opparbeida inst i Breivikjo. Stor nedbør og dermed mykje søyle har vore til hinder for arbeidet. Når det tørkar opp, skal all grusen leggjast her. Grusen er spesialknust til føremålet, og levert frå Karmøy.

Som dei fleste kjenner til er det Fitjar kommune som eig området i Breiavikjo, men det føreligg ei driftsavtale med Friluftsrådet Vest som syter for oppgraderinga og seinare vedlikehald. I oktober 2010 gav Plan- og miljøutvalet grønt ljos for planane, og Fitjar kommune har løyvd pengar til delfinansiering. Største kostnaden tek Friluftsrådet Vest. Det er også søkt om støtte hos næringslivet. Firma Engevik & Tislevoll er entreprenør.

Som eit av bileta viser er det ikkje noko vakkert syn med store traktorspor over det som tidlegare var plen. Men i god tid før badesesongen startar, skal området vere minst like vakkert som før, men mykje tenlegare for dei som vil bade i Breiavikjo, spesielt for funksjonshemma. Difor skal det lagast veg tilpassa rullestol. Heile området vert sletta på nytt og tilsådd.