Du kan framleis vere med på å avgjere kven som får Fitjar sin første ambassadørpris. Mange stemmer er allereie komne inn, men du kan stemme fram til fredag 24. januar.

 Frå før har me kulturpris og næringspris. No har Sparebanken Vest i samarbeid med Fitjarposten lansert endå ein pris: Ambassadørprisen.

Prisen vil bli utdelt til ein enkeltperson eller organisasjon som har:
• sett Fitjar «på kartet»
• gjort noko fitjarbuen kan vere stolt over
• gjort Fitjar til ein betre plass å bu i.

Tittelen på den første prisen vert: Ambassadørprisen 2013. Fitjarposten presenterte prisen på nett 13. desember og i papirutgåve til Fitjarposten for januar.  

Dei tre kandidatane som du kan stemme på er såleis: Geir Skeie, Mariann Vestbøstad Marthinsen og Osternes Mannskor. ( Sjå presentasjonane tiil høgre).


Ambassadørprisen for 2013 vil bli delt ut av ordføraren i samband med eit større kulturarrangement våren 2014.

Nominasjonsjury har vore: Ingrid Vestbøstad, Arve Havnerås, Wenche Tislevoll og Håkon C. Hartvedt.

Du kan stemme på ein av følgjande måtar: (Frist fredag 24. januar)

1. Set kryss på utanfor den kandidaten du vil stemme på i papirutgåva for januar s. 11, klipp ut og send til: Fitjarposten, Liarhaugvegen 8, 5419 Fitjar.

2. Send sms 481 51 491 der du skriv Ambassadørprisen og namnet på kandidaten. (Berre ei stemme pr. telefonnummer).

3. Send e-post til hakon@fitjarposten.no (Berre ei stemme pr. internettadresse)