Det var eit banner med dette bilete på som forsvann.

Vamp-konserten på Kråko er meir populær enn Kråko Utvikling hadde trudd.

Jorunn Hernes i Kråko Utvikling kan melda til Fitjarposten at bilettane til Vamp-konsert i slutten av juli vert rivne vekk i rekordfart. No er diverre ogso banneret deira rive vekk.

Banneret hang oppå den store tavla ved innkjørselen til Kråko Sjøhytteområde, no håpar Hernes at banneret dukkar opp att.

– Det er kjekt at konserten er populær, men at Vamp er så populære at folk vil ha med seg banneret heim, er litt uventa, skriv Hernes.

Ho kan melda om at banneret ikkje er gyldig som billett.

– Vi har stor forståing for at det flotte banneret er ein ettertrakta souvenir, men vis dei som har tatt banneret kan vera greie å levera det tilbake til oss, så skal dei heller få det til odel og eige etter at konserten er over, avsluttar Jorunn Hernes.

 

- Annonse -