Geir Tore Søreide vinkar med blomsterbuketten etter å ha fått frivilligprisen 2018 av ordførar Wenche Tislevoll. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Nok eit år har gått, og Fitjar Frivilligsentral skal dela ut frivilligprisen 2019.

– Prisen skal gå til ein initiativrik person, lokal forening eller gruppe, som med sine idear og pågangsmot har betra trivsel og livskvalitet for andre, samt bidratt til eit meir ope, aktivt og trygt samfunn.

I fjor gjekk prisen til Geir Tore Søreide for sitt frivillig arbeid i blant anna Fitjar Idrettslag, Håkonarspelet og Norsk Forbund for Utviklingshemma.

Styret i Fitjar Frivilligsentral ber difor etter forslag til årets kandidat.

Styret ber om skriftleg begrunna forslag.
Forslaget kan sendast til:

Styret i Fitjar Frivilligsentral, adr. Havnavn.1, 5419 Fitjar eller epost: post@fitjar.frivilligsentral.no innan: 11.november 2019