
Lesarbrev: I førre veke skreiv me om rådmann Olaug Haugen som rår formannskapet til å ikkje flagga med regnbogeflagge i høve Storapride. I dag kjem ordførar Harald Rydland med sitt syn i saka.
Av: Ordførar Harald Rydland
No om dagen føregår det eit ordskifte i Sunnhordland der temaet er om det er rett å heisa Pride-flagget på flaggstonga utanfor rådhuset. Eg vil her prøva å gjere greie for mitt syn.
Flagglova seier at det på kommunale bygg og eigedomar ikkje skal flaggast med andre flagg enn det norske, samiske eller kommunen sitt eige flagg. Det er teke inn eit unntak dersom ein organisasjon har arrangement på den kommunale eigedomen. I slike tilfelle er det ikkje forbod mot å bruka andre flagg, men det er ikkje dermed sagt at nokon har automatisk rett til å få flagga. Kommunen må avgjera dette.
Eg meiner me ikkje skal opna for at kommunen sine flaggstenger skal bli ein aksjonsarena, der ulike organisasjonar og interessegrupper skal kunna markera kva dei står og arbeider for. Me har eit utal av organisasjonar og interessegrupper som i medhald av demokratiet og ytringsfridomen arbeider for saker dei trur på. Det er bra, men eg meiner kommunen vil få vanskar med å ta avgjerd frå sak til sak om kven av desse som skal få tilgang til kommunen sine flaggstenger.
Kommunen har fått i oppdrag å forvalta ei rekkje nasjonale lover. Kommunen forventar at innbyggjarane held seg til desse lovene. Då bør kommunen fylgja dei lovene som gjeld for kommunen sjølv. Teksten i flagglova er klår og burde ikkje vera til å misforstå. Då synest ikkje eg det er rett at kommunen skal leita med lys og lykt for å komma klar lova. På baksida av statua av Håkon den Gode på Fitjar står det «Med lov skal land byggjast». Sitatet, som er henta frå Håkon den Gode sitt arbeid med å laga lover for eit godt rettssamfunn, kan minna oss om at det i alle år har lege ei god og klok meining bak lovene våre.
I denne saka meiner eg me må våga å tenkja og handla prinsipielt. Her i landet er me heldige som får leva i eit ope og demokratisk samfunn med høg grad av toleranse. Me har alle tilgang til ytringsfridomen og har eit stort og ope rom der me kan fremja våre synspunkt. Det må likevel ikkje bli slik at me skal krevja ei konkret synleg stadfesting frå andre for å få greie på kva dei meiner om ulike tema. Me må ikkje stempla verken personar eller institusjonar, og tillegge dei haldningar og meiningar, sjølv om dei let vera å delta i demonstrasjonar, flaggaksjonar eller liknande.
Eg reknar folk i Fitjar for å vera opne og tolerante. Hos oss skal alle kunna vera seg sjølv med sin etnisitet, hudfarge, seksuelle legning og sine meiningar, utan å bli utsett for mobbing, trakassering eller diskriminering. Det ber eg om at me vert trudd på, sjølv om me skulle velja å ikkje flagga med Pride-flagg ved rådhuset den 28. juni.
P.S.Dersom to av samme kjønn kjem til rådhuset i Fitjar for å gifta seg, vil eg som ordførar gjerne vera vigselsmann.