seier ryktet, og me har sjekka at det stemmer, iallfall delvis.

Skiføret er ikkje heilt slutt på Stordafjellet, men det varer nok ikkje lenge.

Etter ein liten halvtime til fots opp Fossabrekko når du skiføret oppe i Kvelve. Her kan du følgja restane av dei store snøskavlane utan særlege problem.

Med ein viss velvilje kan du gå på ski inn til Martebrotet og eit lite stykke bortover mot Stovegolvet. Men det er kanskje for spesielt interesserte. Og vil du gå lenger på ski, trengst nok meir enn spesiell interesse.

Altså, dersom du ønskjer lokal snø under skiene, er tida inne, og før du veit ordet av det, er ho ute. God tur!

 


Påskestemning i Litle Thødnadalen i dag, men skiføre er det knapt. Foto: Kjetil Rydland.


Hit, men ikkje lenger kan du gå på ski. Utsikt frå Martebrotet mot Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.


Å køyra ned Kvelve på ski lar seg gjera, men du bør vera stø på beina. Foto: Kjetil Rydland.