Øvrebygda skule arrangerte den årlege Kveldasete torsdag 17. oktober. På førehand hadde elevane baka, laga fuglemat, kort, nøkkelringar, dekorerte lys og skjerefjøler.

Etter at elevrådsleiaren Linn Merete Bod Nes hadde innleia med ei helsing til salen om TV-aksjonen 2013, song elevane fire songar. Etterpå hadde ordførar Wenche Tislevoll ein appell til Kveldasete.

Kveldasete nærmar seg 30-årsjubileum, og skulen legg mykje arbeid i å få til dette arrangementet både frå elevar, foreldre og tilsette. Årets aksjon går til Nasjonalforeninga for folkehelse sitt arbeid for demente både for å auka kunnskapen, men og til forsking og utdanning av «aktivitetsvenner».

Me hadde sal av elevprodukt og basar med to trekkingar med gevinstar gitt av foreldra og næringslivet i Fitjar.

Totalt sender me 25.318 kr til TV-aksjonen.