Runar Øvrebø styrte ståket med fast hand og endå fastare røyst. Foto: Kjetil Rydland.

Som vanleg slutta ovbygdarane godt opp om kveldaseta på skulen i går kveld, og gav eit viktig bidrag til årets TV-aksjon.

Øvrebygda skule held fast på ein mangeårig tradisjon der ein samlar inn pengar til årets TV-aksjon om hausten. Og i går kveld var gymsalen fylt av unge og gamle frå krinsen, og ein og annan som hadde teke turen frå meir sentrumsnære strok.

Elevane syng og dansar.

Som alltid under desse tilstellingane var elevane særs aktive. Leiaren i elevrådet, Elisabet R. Sæbø, heldt ein flott appell, der ho fortalde om kva pengane går til og innhaldet i TV aksjonen. Og ein samla flokk på 58 elevar song under leiing av lærar Solveig Jæger tre songar som var knytte opp mot tema for innsamlinga; «Være den du er», «Til deg» (aksjonssongen) og Bli med-songen.

Rektor Sigbjørn Aarland delte sine synspunkt på TV-aksjonen og innhaldet med møtelyden.

– Det er viktig å tenkja på korleis me sjølve framstår i høve inkludering, tar imot nye fitjarbuar, og korleis me snakkar til og med kvarandre, poengterte den engasjerte rektoren.

Dette er viktige tema som dei arbeider med på skulen.

Tradisjonen tru var det fleire måtar å få gi sitt bidrag til TV-aksjonen under gårsdagens kveldaseta. Ute i gangen var det råd å få kjøpa ymse produkt som elevane hadde laga til inntekt for årets TV-aksjon. I fleire hjørne i gymsalen var det oppretta kafear, der elevane selde kaffi, pølser og ymse bakverk som foreldra hadde laga.

Finn og Grete Marit Maraas støttar alltid opp om kveldaseta.

Men det store høgdepunktet var naturlegvis åresalet og trekninga, under leiing av lærar Runar Øvrebø, som var i toppform! Det var også elevane som gjekk rundt og selde då åresalet starta, og dei minste var ivrige med å bera gevinstar til dei heldige vinnarane. Personalet ved skulen, foreldra og det lokale næringslivet hadde gitt gevinstar til den store dugnaden.

Julian Helland er ferdig på Øvrebygda skule, men slutta opp om kveldaseta, saman med pappa, Håvard Helland.

Rektor Sigbjørn Aarland fortel at dei fekk inn netto 27 770 kr på årets kveldaseta. Det er litt meir enn i fjor, og eit flott resultat! Endå flottare blei det av at dei i tillegg fekk ei gåve på 2000 kr frå Engevik & Tislevoll AS. Dermed kan dei setja heile 29 770 kr inn på Blimed-kontoen.

Dei som ikkje var med og støtta innsamlinga på Øvrebygda skule, får sjansen att når bøsseberarar bankar på døra komande søndag og ber om pengar til Kirkens Bymisjon og årets TV-aksjon, «Mindre alene sammen».

Birgitte R. Sæbø vann godteglaset, men må dela med nabojenta Maren Rydland, som var akkurat like flink å tippa talet.

TV-aksjonen 2018

NRK TV-aksjonen 2018 går til Kirkens Bymisjon sitt arbeid for å skapa eit varmare og meir inkluderande samfunn.

Arbeidstiltak for menneske som står utanfor det ordinæra arbeidslivet, er eitt av fleire tiltak som skal startast opp i fleire byar i etterkant av TV-aksjonen.