Illustrasjon: Statens Vegvesen/ Arkivfoto Fitjarposten

Det var spørsmålet gruppeleiar i Fitjar KrF, Harald Rydland, stilte i kommunestyret tidlegare i veka. Han viste til referatet frå møte i Samarbeidsrådet, der Fitjar røysta i mot bru sør i Langenuen.

Han spør kva kommunestyret bør gjera no, og lurer på om dei skal halda fram med arbeidet for kryssing lenger nord.

Harald Rydland fortel at Fitjar KrF legg vekt på at ein må venta på fagfolka i vegvesenet sin konklusjon om val av trasé, før ein brukar krefter i kampen for kryssing lenger nord.

– Før ein får vegvesenet sin konklusjon har ein ikkje anna argument for nordleg kryssing enn at det vil gje Fitjarbuen redusert reisetid. Eit argument som me ikkje trur vert avgjerande for dei andre partane involvert i prosjektet.

Han fortel vidare at det no er viktig å jobba for at Fitjar får god tilkopling til den nye brua, uansett kvar den kjem.

– Elles er me oppteken av verdien av å snakka vel om Fitjar. Me må ikkje skapa inntrykk av at Fitjar vert ein utkant, som vert liggjande i ei bakevje, dersom det skulle verta sørleg kryssing av Langenuen.

Han avslutta med å slå fast at Fitjar ligg strategisk godt plassert, og kjem til å dra stor nytte av Hordfast, uansett om brua kjem i sør eller nord.

Ordførar, Wenche Tislevoll, har tidlegare vore tydeleg på at det er viktigare å få realisert Hordfast, enn kor brua skal kryssa.

- Annonse -