Hønene på Hogste er blitt eitt og eit halvt år gamle og skal skifta st ut, melder Lillian Hovstad, som gir dei vekk til svoltne fitjarbuar.

I dag blir ikkje høner slakta for sal i butikk, og Lillian synest det er synd at så mykje god mat blir kassert. Derfor ønskjer ho å gje vekk hønene gratis til folk som kan tenkja seg ein hønsemiddag eller to.

Hønene må hentast seinast førstkommande måndag. Dei som er interessert kan avtala hentetidspunkt med Håkon Hovstad på telefon 95 08 38 07. Så her gjeld det å vera om seg.