Dei to bilcrossgutane Gisle Aarbø og Jonas K. Lønning har hatt ei god helg i Vikedal, og Gisle er kvalifisert til landsfinalen i Valdres.

Begge er strålande fornøgde etter gode løp i Vikedal i helga, men mest fornøgd er naturleg nok Gisle Aarbø, som blei nr. 4 i A-finalen i dag. I går vann han to heat og fekk ein 2.-plass. I dag blei det ein 2.-plass og ein 3.-plass i innleiande rundar. Dermed var han direkte kvalifisert til A-finalen. Her blei han nr. 4, berre 3-4 meter frå ein pallplass.

Alle deltakarane i dagens A-finale blei direkte kvalifiserte til landsfinalen i bilcross for junior, etter som løpet i Vikedal gjeld som kvalifisering. Den går av stabelen på Sundvoll Motorbane i Aurdal i Valdres 30. juli. Her blir 100 deltakarar med, men Gisle har enno ikkje bestemt seg for om han skal melda seg på. – Men eg har lyst, seier han til Fitjarposten.

For Jonas K. Lønning er vegen til Valdres litt lengre. Han klarte ikkje å kvalifisera seg til dagens A-finale, og må dermed finna eit anna løp som gjeld som kvalifisering. Det er det nemleg ikkje alle løpa som gjer. No ymtar han frampå om å reisa til Gol 16.-17. juli.

Sjølv om ikkkje Jonas nådde A-finalen, fekk også han vist kva han duger til i Vikedal i helga. Ein 3.-plass i B-finalen lar seg absolutt høyra; med det blei han nr. 8 totalt. Og hadde det ikkje vore for tekniske problem første dag, er det mykje som tyder på at også han kunne nådd A-finalen. Den nye støtdemparane sat som støypt i svingane, men han kjørte dei to første omgangane på berre tre sylinderar. Dermed blei han sist i den eine omgangen laurdag, men etter at dei fann feilen og fekk den utbetra, gjekk alt mykje betre. I dei innleiande rundane søndag blei det ein heatsiger og ein 2.-plass.

Kjetil Lønning melder om svært god stemning i depotet til Fitjar Racing Team i helga. Begge løpsbilane er uskadde etter hardkjøret, og dermed er dei klare til neste runde. Den går av stabelen i Bergen komande helg.