Dette  er eitt av mange spørsmål som innbyggjarane i Fitjar ventar svar på og som er omtala i sakspapira til komande formannskapsmøte 11. februar. 

Sak 15/2014 gjeld  framlegg til vedtak om vegnamn, områdenamn og adressering. Rådmannen rår til at det blir vedteke og vidaresendt til Sentralt Stedsnavnregister (SSR) til endeleg godkjenning, etter avgjerd i kommunestyremøte 19. februar. Den valde namnenemnda kom med sitt framlegg 2013 og formannskapet la adresseringsdokumentet ut til offentleg ettersyn. Høyringsfristen vart sett til 15. november. I sakspapira står det at det kom 14 innspel. Desse har blitt granska og er kommenterte. Nokre innspel ser ut til å bli tekne omsyn til, medan andre ikkje let seg etterkome.

I innspel for vegen frå Synningjo til vegkryss på Rydland står det at Hellandsvegen er eit høveleg namn som har blitt brukt i alle år. Framlegget om Øvrabygdo har fått ein del protestar. No ser det ut som namnet kan bli Hellandsvegen. Dette trur me øvrebygdarane vil setje pris på.

Du kan lese heile saksdokumentet på denne adressa:           

http://www.fitjar.kommune.no/politikk/innkallingreferat/formannsskapet/