Bilete for illustrasjon. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Kråko Utvikling etterlyser husnummer i hyttefeltet.

I eit brev til kommunen skriv dei at verksemda stadig får spørsmål frå hytteigarar om kvifor ein ikkje har husnummer på hyttene utover i Kråko.

– Dei fleste nyttar veg- og husnummer til å finna fram til eigedommar. For Kråko, eit relativt nytt område, der mange kjem på besøk er behovet for tydelege adresser stort, skriv Johannes Sandvik på vegne av Kråko Utvikling.

Han understrekar at husnummer er ekstra viktig om det skulle oppstå hendingar der naudetatane må rykka ut.

Seinast i november gjekk Fitjar kommune ut om at strekninga frå Sandvikvåg til Eide stod for tur. Kråko Utvikling har fått med seg dette og lurer no på kva tid det er deira tur.

– Kva tid kan me forventa at eigedommane i Kråko vert tildelt husnummer, spør dei til slutt.