På folkemunne heiter plassen på biletet brannstasjonsområdet eller brannstasjonstomta. Men brannstasjonen er forlengst flytta, og no lyser ordførar Wenche Tislevoll og kultursjef Bente Bjelland ut namnekonkurranse om kva ein skal kalle denne plassen.

Ønskjer du å delta i namnekonkurransen, må du sende framlegg til bebj@fitjar.kommune.no  innan 21. august.
– Vinnaren vil få fem flaxlodd og heider og ære. Vidare vil Toralf Røen lage skilt med det namnet som vinn, lovar Bjelland.

Vinnaren vert kunngjort i veka etter konkurransefristen. Då skal det òg vere offisiell opning. Datoen for den kjem ein tilbake til når det nærmar seg, i det ein vil sjå vêret litt an.

Ingressfoto: Håkon C. Hartvedt