Jeanette Onarheim Syversen og Terje Kollbotn. Foto: Raudt

Debatt: Raudt utfordrar fleirtalspartia til å seia si meining.

Av: Jeanette Onarheim Syversen og Terje Kollbotn, fylkestingsrepresentantar for Raudt Vestland 

15.oktober skal det nye Vestland fylkesting bli konstituert i Bergen.

Raudt Vestland vil utfordra Senterpartiet sin fylkesordførarkandidat Jon Askeland til å uttala seg klart og konsist om kva Sp og fleirtalspartia eigentleg meiner om framtida for Vestland fylke.

Leiaren i Sogn og Fjordane Sp, Sigurd Reksnes, vil dele opp Vestland i to sjølvstendige fylke. Senterpartiet har dessverre gitt sin stønad til denne fylkessamanslåinga, både i Hordaland fylkesting og Sogn og Fjordane fylkesting. Raudt har vore mot regionreforma og fylkessamanslåinga frå dag ein, og røysta imot denne fylkessamanslåinga ved alle høve. Dersom Senterpartiet no kjem på betre tankar, så er det berre positivt.

I Dagsavisen kan ein no lesa at òg SV vurderer å gå inn for å dela opp Vestland. Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum seier at Sp vil stø ein eventuell søknad om skilsmisse frå Vestland i Stortinget. No må Vestland Sp og Vestland SV, og resten av partia i storkoalisjonen som har fleirtal i det framtidige Vestland fylkesting, klargjera om dei har tenkt å halde fram i det politiske blindsporet dei har forvilla seg inn i, eller om dei har tenkt til å høyra på Reksnes og snu i denne saka.

I oktober 2018 fremja Raudt eit framlegg på Stortinget om å stansa fylkessamanslåinga. Framlegget vart dessverre røysta ned. No er det viktig at så mange som mogleg i både Hordaland og Sogn og Fjordane aktivt synar sin motstand mot den særs lite hensiktsmessige eininga som har fått namnet Vestland. Dette er etter Raudt sitt syn ei sentraliseringsreform, som vil føre til kutt i tenester på ei rekkje fylkeskommunale felt.

I Viken har det nye politiske fleirtalet etter fylkestingsvalet der gått inn for ei oppløysing av denne nye regionen. Vi oppmodar alle politikarar i Vestland til å ta lærdom av dette, og følgje eksempelet til fleirtalspartia i Viken. Vestland må snarast mogleg delast i to, slik at vi får tilbake Hordaland og Sogn og Fjordane som to sjølvstendige fylke.

- Annonse -