Biblioteksjef SiljeTorbjørnsen har fått opna for utlån av bøker før påske, men i litt ny form. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Fitjar Folkebibliotek lanserer tilbodet takeaway-bibliotek for dei som treng bøker i påsken. – Du bestiller, me plukkar og du hentar!

– Biblioteket har fått opna for å låna ut bøker. Dette har skjedd i samråd med smittevernlegen. Du bestiller bøker og me legg dei i posar merka med namn i foajeen i Kultur og idrettsbygget. Dei må hentast innan avgrensa tidsrom, skriv biblioteksjef Silje Vågen Torbjørnsen.

Hentetidene er torsdag 02.04.2020 kl.15-18 (bestilling innan kl.15) eller måndag 06.04.2020 kl. 12.00-15.00. (bestilling innan kl.12).

– Dersom du ikkje kan henta bøkene dine sjølv, kan du be om å få heimkjørt bøkene. Me har eit samarbeid med Frivilligsentralen, skriv biblioteksjefen.

Ho melder at du kan bestilla via e-post, messenger (Facebook) eller telefon.

– Du kan sjå i katalogen vår kva som er tilgjengeleg. Me kan ikkje garantera at me har bøkene du ønskjer på biblioteket akkurat no, men plukkar gjerne ei annan god bok til deg. Vis du har materiale som står til henting som du har fått melding på, kan du også inkludera dette i bestillinga, opplyser Vågen Torbjørnsen.

Alle lån vil vare til 1. juni.

– Hugs å halda trygg avstand og ta omsyn til smittefaren. Ikkje ta på andre sine posar. Dersom du har luftvegssymptom, eller sitter i karantene kan du ikkje henta bøker, men kan senda nokon andre for å hente for deg.