Det er no tid for ein ny premiequiz. Test din lokale kunnskap som fitjarbu og bli med i trekninga av tre flaxlodd frå fitjarposten. Ta del i Fitjar Quizen HER.

Konkurransen startar fredag 31. august og avsluttast fredag 7. september.

Ein må ha minst 8 av 12 rette for å vera med i trekninga av premiane.
For å vera med i trekninga må ein også hugse å registrera namn og e-post.

1-3 premie: Flaxlodd.

Vinnarane av T-skjorter i Fitjar Quiz 16 vart:
Sissel Ivarsøy
Salomon Aarbø
Solveig Rørvik

Ønskjer du å sponsa småpremiar til Fitjar Quizen? Ta kontakt!

PS: Når Quizen er avslutta, og premiar er trekt, vert den til ein test der fasit kjem opp etter at oppgåvene er fullført.