Midt på dette bildet av gapahuken ved Rydlandssago skulle det ha vore ei bålpanne, men den har blitt stolen i det siste. Foto: Kjetil Rydland.

Ein gong i desember har tjuvar vore på ferde og fjerna bålpanna frå gapahuken ved Stebmetjødno, rett nord for Rydlandssago.

Det er ein skuffa og oppbragt Toralv Røen i Stord-Fitjar Turlag som gjer oss merksam på dette i dag. Han fortel at bålpanna var på plass for eit par veker sidan, men då han såg til gapahuken onsdag denne veka, var bålpanna borte.

Toralv Røen var sjølv med og sette opp denne gapahuken våren 2012, saman med andre medlemmer frå seniorgruppa i Stord-Fitjar Turlag. Då fekk dei og tak i bålpanne, som dei har fått på plass i alle gapahukane til Turlaget på Stordøya.

Denne gapahumen står eit lite hundre meter frå fv. 545 nord for Rydlandssago, rett bak den fine parkeringsplassen som Friluftsrådet vest fekk laga til for nokre år sidan, slik at turfolk som vil gå til Sæterbøfjellet, Morkavatnet, Prestavarden eller heilt over til Vatnadalen, kan få plassert bilane sine.

Gapahuken står i nordkanten av Stebmetjødno, og der kan kjeltringar arbeida usjenert, utan at forbipasserande på fv. 545 legg merke til dei. Det er altså det som har skjedd ein dag no i desember.

Ein svært skuffa Toralv Røen ber oss etterlysa bålpanna, og ber folk som kan ha sett noko mistenkeleg, om å melda frå til han på telefon 938 64 817.

Her ser me korleis bålpanna hang i gapahuken før ho blei stolen. Foto: Friluftsrådet Vest.