Spesiell iskrystall på ein trestubbe. Foto: Gisela Sochor.

Dagens bilete er av iskrystallar på ein vedkubbe på Eide, krystallar så vakre at me aldri har sett maken.

Det har heller ikkje Gisela Sochor, som har sendt oss nokre heilt spesielle bilete av iskrystallar på ein vedkubbe.

– Kanskje dette er litt interessant? spør Gisela i mailen sin, og fortel at ho fann desse krystallane i hagen sin på Eide.

Og me synest så absolutt at dette er interessant. Ingen iskrystallar er like, men desse er uvanleg vakre, og me deler meir enn gjerne dei spesielle bileta med lesarane våre.

– Iskrystallar oppstår når vassdamp i lufta går direkte over til is, står det å lesa i Store norske leksikon.

Her ser me vedkubben med dei vakre iskrystallane. Foto: Gisela Sochor.