– Nei, ei ringtrast, kanskje?
Denne kjekkasen dukka søndag opp på Tveita, der den hadde eit svare strev med å få middagen på bordet. Ornitologi på lågt niva tilseier at det er ei ringtrast, ein fugl det verkar som er ettertrakta blant fuglekikkarar, skal ein døma etter kommentarar på fuglebloggar eller på nettstader der ein fører opp observasjonar av fugleartar.

Naturfotograf Jan Rabben stadfestar både arten og at den er vanskeleg å få bilete av. Han fortel også at mange ikkje kjenner til den, fordi dei ofte berre får sett den bakfrå, og då er den ganske lik ei svarttrast. Han trur at ei forklaring på at desse fuglane dukkar opp i låglandet, kan ha samanheng med dårleg tilgong på mat i høgare strok. På grunn av mykje snø i fjellet, trekkjer dei til barmark, der dei lettare får tak i mat.
Ringtrasta er ein trekkfuglar på omlag 27 cm og veg 110 gram. Hannen er svart og hoa er brunleg. Arten har ein kvit halvmåne på brystet. På Austlandet finn ein denne fuglen i fjellet, medan den i vest og nord trekkjer mot kysten. Arten hekkar helst i trefattig og kupert landskap. Arten er ein trekkfugl, men nokre eksemplar overvintrar i Norge.
Kjelde: Store norske leksikon, Wikipedia, birdlife.no.

