Det årvisse, tradisjonsrike kusleppet på Nesbø gjekk av stabelen laurdag 10. mai.

Beitegraset venta no på å metta kring 40 vaksne beist, mjølkekyr, og dei let seg
ikkje be fleire gongar. 

For nokre av dei var dette første gongen dei fekk sleppa ut saman med
dei meir etablerte mjølkekyrne, etter omlag 8 månader innadørs.  Det vart mangt eit lystig
hopp og friske fråspark, nærast for ekte kalvedans å rekna.  Nei, kua her på garden har ikkje
gløymt at ho har vore kalv.

Her måtte det målast krefter, for her galdt det å setja seg i respekt frå første sekund. 
Andre molda seg traust i tuene.  Denne vårdagen var som skapt for kuslepp.

Det var kyrne til Johannes Nesbø og Per Magne Torvund som fekk sjå dagslys på grøn
mark denne vårdagen.  Dugnadsånda på Nesbø er det så visst ikkje noko å seia på, heller ikkje
når det handlar om kuslepp, noko som kjem vel med dersom ein våryr villstyring skulle finna
på å ta seg ein avstikkar ut i periferien.

 

steroidi