-Får me eit par påmelde til, startar me opp kurs i tekstbehandling ut i frå Word 2007 onsdag 28.10, seier Rolf Atle Rolfsnes ved Fitjar vgs til fitjarposten.no. Påmeldingsfrist er førstkomande fredag kl. 12.00

Rolfsnes skriv:
Ut frå registrerte tilbakemeldingar og informasjonsmøte torsdag 15.10. ser det ut til å vera størst interesse for eit grunnkurs i tekstbehandling. Fitjar vidaregåande skule prøver difor å starta opp eit kurs i Word 2007.

I kurset vil ein bli kjent med Word, og læra m.a. om redigering, formatering, tabellar, bilete og andre objekt, lange dokument og fletting. Dersom det melder seg nokre personar til, vil det truleg bli oppstart onsdag 28.10.

Det blir 8 kurskveldar, og dei 7 andre kurskveldane blir torsdagar. Kurset er planlagt ferdig til jul, og dersom det er stor nok interesse for andre kurs, er det mogleg at skulen startar ein ny kursmodul på nyåret.

 

Gå inn på skulen si nettside for meir informasjon og påmelding: http://fiv.hfk.no